Norway Job Openings
Universitetet i Bergen
Stipendiat i latinamerikansk historie på DARKLAX-prosjektet
Bergen
FULL TIME
November 22, 2024
Vil du vere med å forme framtida?
Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, kinesisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, japansk, russisk, spansk språk og latinamerikastudiar. Det blir undervist og forska i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, historie/kulturkunnskap og didaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har kring 60 fast tilsette i vitskaplege stillingar, rundt 20 stipendiatar og postdoktorar og elleve administrativt tilsette.
DARKLAX er eit forskingsprosjekt om historia om lakseoppdrett i Chile sett frå eit transnasjonalt og tverrdisiplinært perspektiv. Prosjektet analyserer omforminga av det sørlege Chile frå slutten av 1960-åra til eit globalt senter for eksperimentering med økonomiske, vitskaplege, sosiale og retoriske teknologiar for sosial endring og kontroll, og for radikal omdanning av tilhøvet mellom samfunnet og den meir-enn-menneskelege verda («more-than-human world»). Prosjektet utforskar òg ringverknadene utover Latin-Amerika og ser på endringar i miljø, samfunn og politikk i regionen direkte knytt til veksten i lakseoppdrett i Chile. Industrien blir analysert innafor eit rammeverk av fleir-arts-historie innanfor kapitalismen, med fokus på menneskelege og ikkje-menneskelege endringar knytt til det auka presset for å skape og utvinne naturressursar. I historisk perspektiv ser DARKLAX-prosjektet lakseoppdrett som ein del av ei lang latinamerikansk historie om råvarer frå den columbianske utvekslinga og fram til vår tid, ein historisk prosess som på avgjerande vis har definert regionen miljømessig, politisk og økonomisk og forma samhandlinga med resten av verda.
Med utgangspunkt i dette rammeverket, skal kandidaten kome med ei førebels skisse til tema for prosjektet. Denne prosektskissa, som skal leggjast ved søknaden, vil bli utvikla vidare i samarbeid med prosjektleiar Ernesto Semán etter tilsetjing i stillinga. Med utgangspunkt i fleir-arts-historie og varehistorie skal prosjektet styrke drøftinga innanfor DARKLAX om førestillinga om berekraft i Latin-Amerika gjennom å tilføre perspektiv og historiske studiar. Desse studiane treng ikkje ta utgangspunkt i lakseoppdrett. Moglege forskingsfelt inkluderer, men er ikkje avgrensa til:
- lakseoppdrett og akvakultur i Chile og/eller resten av Latin-Amerika
- miljøhistorie frå det moderne Latin-Amerika
- latinamerikansk varehistorie
- intellektuell historie knytt til omgrepet «berekraft» i Latin-Amerika
- historie om teknologi og naturressursar i Latin-Amerika
- fleir-arts-historie/historier innanfor kapitalismen i det moderne Latin-Amerika
- kolonialisme, imperialisme og antropocen i Latin-Amerika
- Latin-Amerika og naturressursar
- politiske regime og antropocen i Latin-Amerika
Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Sett under eitt, inneber det at 2,5 av fire år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet.
- Søkjaren må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i historie eller eit anna fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Najonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
- Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjaren må meistre engelsk og spansk flytande.
- Søkjaren må leggje ved ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut ei doktorgradsavhandling innafor DARKLAX-prosjektet, saman med ein framdriftsplan for prosjektet.
- Søkjarar blir vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter pkt. 2.1 i Ph.d.-programmet.
- Dokumenterte ferdigheiter i arkivarbeid, munnleg historie og/eller andre aktuelle historiefaglege metodologiske tilnærmingar er ein føremon.
- Erfaring frå formidlingsarbeid er ein føremon.
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn tilsvarande lønssteg 55 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 540 500. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- gode velferdsordningar
- prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa må òg tydeleg vise korleis ph.d.-prosjektet passar inn i det overordna DARKLAX-prosjektet.
- litteraturliste for prosjektskissa
- framdriftsplan for prosjektet
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- CV
- karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer omfanget av oppgåvai ECTS.
- eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider)
- liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar eller tekstutdrag (inntil tre)
- relevante attestar
- namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilte tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Ui B treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.
12. januar 2025
Universitetet i Bergen
Heiltid
Åremål
-
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
New Job Alerts
Kardex
Director Finance & Administration Nordic
Kjeller
FULL TIME
December 4, 2024
View Job DescriptionOmega 365
Senior Commissioning System Responsible Engineer SAS
Stavanger
December 4, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Rådgiver/seniorrådgiver innen dataforvaltning og forskningsstøtte - NOVA
Oslo
FULL TIME
December 4, 2024
View Job DescriptionRambøll
Senior Mechanical Engineer with Machinery Directive Expertise
Oslo
FULL TIME
December 4, 2024
View Job DescriptionOmega 365
Engineer - Marine - Analyses and Calculations
Egersund
December 4, 2024
View Job DescriptionLooking for similar job?
OsloMet - storbyuniversitetet
Stipendiatstilling på NOVA, Seksjon for Ungdomsforskning
Oslo
FULL TIME
November 13, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Stipendiat i informasjons-, bibliotek- og arkivstudier
Oslo
FULL TIME
November 5, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Stipendiatstilling på NOVA - Seksjon for aldersforskning og boligstudier
Oslo
FULL TIME
November 6, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Ledig stipendiatstilling ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier
Oslo
FULL TIME
November 25, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Tre stipendiatstillinger ved Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning
Oslo
FULL TIME
November 7, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Stipendiat tilknyttet barnehagelærerutdanning
Oslo
FULL TIME
November 7, 2024
View Job DescriptionSee What’s New: Universitetet i Bergen Job Opportunities
Universitetet i Bergen
PhD position in User Modelling, Personalisation & Engagement at MediaFutures
Bergen
FULL TIME
November 29, 2024
View Job DescriptionUniversitetet i Bergen
PhD Research Fellow at the Faculty of Law
Bergen
FULL TIME
November 15, 2024
View Job DescriptionNew Job Alerts
Kardex
Director Finance & Administration Nordic
Kjeller
FULL TIME
December 4, 2024
View Job DescriptionOmega 365
Senior Commissioning System Responsible Engineer SAS
Stavanger
December 4, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Rådgiver/seniorrådgiver innen dataforvaltning og forskningsstøtte - NOVA
Oslo
FULL TIME
December 4, 2024
View Job DescriptionRambøll
Senior Mechanical Engineer with Machinery Directive Expertise
Oslo
FULL TIME
December 4, 2024
View Job DescriptionOmega 365
Engineer - Marine - Analyses and Calculations
Egersund
December 4, 2024
View Job Description