Norway Job Openings

If

Jurist/advokatfullmektig innan ansvarsforsikring

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

Vi styrkar teamet vårt og søker etter to juristar/advokatfullmektigar innan ansvarsforsikring!
Kriblar det litt ekstra når du tenkjer på forsikringsrett, kontraktsrett og erstatningsrett? Då er det store sjansar for at du er den vi er på jakt etter!
I Large, Complex & International Claims i If arbeidar vi med nokre av dei største og mest komplekse skadesakene innanfor næringslivet. Vil du vere ein del av dette miljøet og bli den som bistår våre næringslivskundar med å avklare kva ansvar dei har når det uventa skjer og ein skadesituasjon oppstår?
Om rollen
Vi er no på jakt etter etter to juristar til ansvarsteamet. Den eine stillinga vil vere ei fast juriststilling og den andre er eit 1-års engasjement som jurist. For den rette kandidaten kan det vere aktuelt å tilby rolle som advokatfullmektig.
Som jurist i ansvarsavdelinga hjå If skal du sikre høg kvalitet og ansvarleg og proaktiv handtering av skadesaker inannfor produktområdet ansvarsforsikring. Du bistår våre kundar med å avklare ansvarssituasjonen når det oppstår ein skade, og støttar dei heile vegen i skadeprosessen til saka er ferdigstilt. Framifrå kundeservice til våre profesjonelle kundar er noko som ligg i ryggmargen din!
Stillinga vil innebere tett samhandling med kollegaer på eige team, andre avdelingar i If, eksterne partar, samt utstrakt kontakt med våre kundar. I tillegg til å bistå kundane når det uforutsette skjer, ynskjer vi også å hjelpe kvarandre internt når tilhøva skulle tilseie dette. Personen vi er på utkikk etter må difor sjå verdien i å kunne bistå andre, også utanfor eige fagfelt.
Om teamet
Vi i If sel tryggleik! Vi forsikrar alle typer verksemder, frå dei minste enkeltpersonføretak til dei største nordiske selskap med aktivitet over heile verda. Med vår høge kompetanse er vi der for våre forsikringstakarar når noko skjer. Vi ynskjer å finne smidige løysingar til det beste for kundane og tek rådgjevarrollen på aller største alvor. Både små utfordringar og katastrofar vert handtert med med stoltheit, engasjement og løysingsfokus.
Vi er eit team som samarbeidar godt og som ser viktigheita av å gjere kvarandre gode. Vi er opptekne av å skape ein trygg atmosfære der det er låg terskel for å drøfte faglege problemstillingar, og der det også skal vere rom for uhøgtidleg skravling innimellom arbeidet.
Vi tilbyr
Trass i at vi ser etter visse eigenskapar og ferdigheiter hjå deg, forventar vi at du også stiller krav til oss som din framtidige arbeidsgjevar. Dette er noko av det vi tilbyr deg som jobbar hjå oss:
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mange sosiale samankomstar
  • Karriere- og utviklingsmoglegheiter i Nordens største forsikringsselskap
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, dyktige og dedikerte kollegaer
  • Ein fleksibel arbeidsplass med fokus på helse og trivsel
  • Moderne, innbydande og funksjonelle kontorlokale på Vækerø med mellom anna særs gode moglegheiter for fysisk trening, inkl. ei vekentleg treningsøkt i arbeidstida
  • Særs gode pensjons- og forsikringsordningar
Kven er du?
Personen vi søker etter har mastergrad i rettsvitskap og ei særskild interesse for fagområda kontraktsrett/erstatningsrett/forsikringsrett. Vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
Vi ser etter deg som ikkje er redd for å hoppe ut i det ukjende og som ynskjer å vere med på å skape den perfekte kundereisa for våre kundar. Du er er fagleg dyktig, handlekraftig, effektiv og strukturert. Du likar høgt tempo og trivst med å vere den personen som våre kundar lenar seg på. Som ein forvaltar av store verdiar, er det viktig at du har gode analytiske evner, ei forretningsmessig forståing, gode forhandlingsevner og ei evne til å sjå pragmatiske løysingar. Sist, men ikkje minst er du ein inkluderande og positiv person som bidreg til eit godt og konstruktivt arbeidsmiljø.
Tilleggsinformasjon og rekrutteringsprosessen
For å søke på stillinga: Vi gler oss til å motta din søknad der du fortel oss kvifor du er motivert for stillinga. Vi ber også om at du sender CV og vitnemål, samt opplyse i søknaden om du søker på stillinga som fast jurist/advokatfullmektig, engasjementet på 1 år eller begge.
Søknadsfrist: Snarast, og seinast innan 08.12.2024. Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
Vi nyttar Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. I stillinga er det eit krav om god kredittvurdering, og kredittinformasjonen til søkjaren vil bli sjekka før eit eventuelt jobbtilbod.
Kontakt: Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med leiar for Ansvar, Transport og Marine (Large. Complex & International Claims Norway), Irlin Renate Engebø, på tlf. 971 13 270 eller irlin.renate.engebo@if.no.
Vi ser fram til å bli kjende med deg!
New Job Alerts
Narvesen

Selgeren ved Narvesen K1 Storhandel, Tromsø

Tromsø

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Project Systems Data Interface Lead

Stavanger

December 4, 2024

View Job Description
Kardex

Director Finance & Administration Nordic

Kjeller

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Senior Commissioning System Responsible Engineer SAS

Stavanger

December 4, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Rådgiver/seniorrådgiver innen dataforvaltning og forskningsstøtte - NOVA

Oslo

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Rambøll

Senior Mechanical Engineer with Machinery Directive Expertise

Oslo

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Engineer - Marine - Analyses and Calculations

Egersund

December 4, 2024

View Job Description
Aasmundsens Bakeri

Pastry chef, Flatdal, Norway

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Aker Solutions

Lærling

Egersund

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Cyber Engineering Engineer

Stavanger

December 4, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
If

Advokat/jurist (med fagansvar for ansvarsforsikring)

Oslo

FULL TIME

November 14, 2024

View Job Description
See What’s New: If Job Opportunities
If

Talent Acquisition Coordinator

Oslo

November 18, 2024

View Job Description
If

Advokat/jurist (med fagansvar for ansvarsforsikring)

Oslo

FULL TIME

November 14, 2024

View Job Description
View More Jobs by If
New Job Alerts
Narvesen

Selgeren ved Narvesen K1 Storhandel, Tromsø

Tromsø

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Project Systems Data Interface Lead

Stavanger

December 4, 2024

View Job Description
Kardex

Director Finance & Administration Nordic

Kjeller

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Senior Commissioning System Responsible Engineer SAS

Stavanger

December 4, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Rådgiver/seniorrådgiver innen dataforvaltning og forskningsstøtte - NOVA

Oslo

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Rambøll

Senior Mechanical Engineer with Machinery Directive Expertise

Oslo

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Engineer - Marine - Analyses and Calculations

Egersund

December 4, 2024

View Job Description
Aasmundsens Bakeri

Pastry chef, Flatdal, Norway

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Aker Solutions

Lærling

Egersund

FULL TIME

December 4, 2024

View Job Description
Omega 365

Cyber Engineering Engineer

Stavanger

December 4, 2024

View Job Description